Om Bøahagen
Kanskje det er tid for å gjere nokre val?
Mange kjenner nok på at for mykje tid går med til nødvendige gjeremål ein ikkje har så stor glede av. Samtidig blir det som verkeleg skapar minner i livet sett på vent. I BØAHAGEN ynskjer vi å legge til rette for at livet skal verte litt enklare og at ein skal få betre tid til det som er viktig - meir tid til dei nærmaste, ein kjekk hobby, ei treningsøkt, eller berre å trekkje seg tilbake og nyte omgjevnadane.
Kanskje bur de i einebustad, og ser ikkje lenger gleda i å måle hus, klippe plen og moke snø. Kanskje har borna flytta ut, og behovet for eit hus er ikkje lenger til stades? Eller de tenker kanskje på å flytte ut for å gjere huset tilgjengeleg for neste generasjon? Dessutan skulle sikkert kjøkken og bad vore modernisert..?
Kanskje bur de i by med mange tilbod og spennande jobbar, men kjenner også på draumen om ein landleg tilverelse? Kvifor ikkje kome heim til Stryn og bli med å utvikle denne fantastiske bygda vår. Innanfor ein liten radius har vi det meste, slik som idrettsarenaer, opera, kafear, aktivitetar og festivalar, og ikkje minst eit spennande og innovativt næringsliv. Naturen ligg like utanfor stovedøra, midt i ein region som har det meste av det vestlandet kan by på av naturopplevingar.
I BØAHAGEN vil det bli tilrettelagt for at du skal kunne velje å bruke tida di på det som er viktig for deg. Her treng du ikkje å bekymre deg for alt som må gjerast med hus og hage. Her er leikeplass like utanfor døra der barn kan leike i trygge omgjevnadar. Det er korte avstandar til alt Stryn sentrum har å tilby; skule, kulturhus, symjehall, idrettshall, bibliotek, ungdomskafe, fotballbane, omsorgsenter, handel med meir.
Tryggleik for gjennomføring
Når ein kjøper leilegheit under oppføring er det viktig å vere trygg på at leilegheita vert som planlagt, og at ein har tiltru til utbyggjar si gjennomføringsevne. Bak BØAHAGEN står HS Eigedomsutvikling AS og HaBøe AS. Dette er lokale selskap som skal vere i bygda også etter at BØAHAGEN er bygd.
HS Eigedomsutvikling AS er eit selskap i HSgruppa, der HS Bygg AS er det mest profilerte.
HS Bygg AS er Stryn sin største byggentreprenør. Dei har lang erfaring med store bygg og er eit solid selskap.
Bak HaBøe AS står Halvard Bøe, som har vakse opp på garden der BØAHAGEN skal byggast. Han har lang erfaring frå byggjebransjen og har hatt sentrale roller i store utbyggingar som hyttefeltet Bøanedsetra Hyttegrend og Vikaelva Kraftverk. At lokale aktørar med brei og god erfaring står bak meiner vi er den beste garanti for ei god gjennomføring av prosjektet.
Eit leilegheitsprosjekt vert til
Då eg gjorde valet om å legge ut delar av garden til byggjeareal melde spørsmålet seg om kva som skulle byggjast. Kva var det Stryn kunne ha behov for, som ville passe på denne flotte, solrike og sentrumsnære tomta?
Med panoramautsikt utover fjorden og oppover den vakre dalen, vart konklusjonen enkel. Her måtte det kome bustadar. Her måtte fleire få nyte den flotte utsikten frå stovevindauget, slik eg sjølv har gjort i min oppvekst. Eg ønskte å skape noko spesielt, som ville vere attraktivt i lang tid. Og eg ville at vi skulle nå alle kjøpargrupper. Etter kvart kom idèane på plass, og grunntanken vart EIT GODT BUMILJØ.
I det legg eg at det skal vere ein plass der folk i alle aldrar og livsfasar kan finne seg godt til rette i lag. Den viktigaste samtalepartnaren i utviklinga av prosjektet har vore Tore Geir Aaland ved Aaland Arkitektkontor AS. Saman har vi gått mange rundar med idémyldring og teikning. Namnet BØAHAGEN kom på plass med det same, og så var det å fylle namnet med innhald.
Grunntanken om EIT GODT BUMILJØ har vore sentral i planarbeidet, og no ser eg verkeleg fram til å sjå at BØAHAGEN tek form. Då gjenstår berre det viktigaste i eit godt bumiljø, nemlig gode naboar.
Halvard Bøe
BØAHAGEN der ein skulle tru at alle ville bu
I BØAHAGEN skal det vere godt å bu. Bilen vert parkert i parkeringskjellaren, og elles er det bilfritt. Frå parkeringskjellaren kjem ein til kvar etasje via heis eller innvendige trapper.
På taket av parkeringskjellaren ligg hjertet i BØAHAGEN og det som har gjeve prosjektet namn - den flotte hagen med gangvegar, plenar og møteplassar. Vi har eit sterkt ynskje om at bebuarane i BØAHAGEN skal finne seg godt til
rette. Hagen skal vere universell og tilgjengeleg for alle uansett alder og livssituasjon. Dette skal vere ein plass der ein kan ta med kaffikoppen og møte sine gode naboar for ein prat i hyggelege omgjevnadar, med sittegrupper og leikeapparat for dei aller minste.
I det sørvestlige hjørnet av BØAHAGEN, med flott utsikt over sentrum og fjorden, ligg leikeplassen for dei litt større barna. Her vil det vere sandkassar, leikestativ og ein liten ballplass. Her kan barna leike i trygge omgjevnadar i eigen hage. På baksida ligg frukthagen. Her vil det gå gangsti og bru over til svalgangane på dei bakre husa. I frukthagen vil bebuarane i BØAHAGEN kunne plukke sine eigne frukter. Men hugs at alle må få!
Leilegheit i BØAHAGEN – ei trygg investering
Å kjøpe sin eigen bustad er for dei fleste den største investeringa ein gjer, men det er ikkje lenger sjølvsagt at ein vert buande i same hus livet ut. Det kan vere ulike årsaker til det - planlagt, eller som følgje av uventa endringar i livssituasjon.
BØAHAGEN ligg på ei av Stryn sine mest attraktive tomtar. Utviklinga av Stryn sentrum har vist at det er i dette området folk vil bu, og prisutviklinga på eigedomar i området har vore svært god. Gjennom fysisk tilrettelegging for eit attraktivt bumiljø, ynskjer vi å skape dei beste føresetnadar for at BØAHAGEN skal få ei god verdiutvikling.
Om du også gjev ditt positive bidrag til bumiljøet, skulle alt ligge til rette for å skape dei gode assosiasjonane som trengs for at di leilegheit vert ei trygg og god investering.
Moderne leilegheiter til eit kvart ynskje og behov
BØAHAGEN har leilegheiter for ulike ynskjer og behov. Dei minste er på 58 og 62 kvm (3-roms), dei mellomstore på 79 kvm (3-roms) og dei store toppleilegheitene på 102 og 127 kvm (4-roms). I framkant har vi 4-mannsbustadane med leilegheiter på 102 kvm (4-roms).
Alle leilegheitene har parkeringsplass og bod i parkeringskjellaren, samt privat balkong eller markterrasse. Der er felles varmepumpeanlegg og oppvarming av leilegheitene frå vassboren golvvarme. Leilegheitene er sjølvsagt bygd etter dagens krav, og då vert oppvarmingskostnadane lave.
Leilegheitene har gjennomarbeidde og gode planløysingar og vert innreia med normalt god standard. Der vert parkett på golv i opphaldsrom, soverom og gang, og flis på golv og vegg på bad. På boda vert det golvbelegg. Veggar og tak vert slette og lyse. Kjøkken vert smakfullt innreia med slette kvite frontar. Kjøkkeninnreiing er mogleg å endre i dialog med kjøkkenleverandøren.