Byggjespesifikasjon
Det blir understreka at bilete og teikningar i prospekt og presentasjonsmateriell er illustrasjonar og vil kunne avvike frå endelig ferdig bygg og materialval.
Denne spesifikasjonen er utarbeidd for å orientere om bygget sine viktigaste delemne og funksjonar. Det kan førekome avvik mellom byggjespesifikasjonen og planteikningane. I slike tilfelle er det byggjespesifikasjonen som er retningsgjevande.
Enkelte illustrasjonar i teikningsmateriale kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse. Dette kan vere møblering, fargeval, dør- og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, til dømes fasadedetaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplanting, fargesetting mm.
Vidare kan vindaugsplassering i den enkelte leilegheit avvike noko frå dei generelle planane som følgje av mellom anna den arkitektoniske utforminga av bygget.
Endeleg kjøkkenteikning vil bli utteikna av kjøkkenleverandøren, og i denne prosessen kan det skje ei omfordeling av dei enkelte kjøkkenkomponentane.
Leilegheitene vil bli oppretta som sjølveigarleilegheiter.
Prosjektet er byggjemeldt i samsvar med Plan- og Bygningslova og Byggteknisk forskrift med veiledning (TEK10).
Konstruksjon
Bygningane vert utførte med bærekontruksjon i betong, betongelement og stål. Etasjeskille utførast i betong eller betongelement.
Fasadane vert bygde opp som isolerte stendarveggar og isolerte betongelement, i hovudsak utvendig kledd med målte overflater eller trekledning.
Innvendige veggar består av trestendarar, kledd med gipsplater.
Trapperom vert bygd i tre, stål og betong.
Balkonggolv er i prefabrikkert betong og vert levert med påstøyp, naturlig grått. Dette er å sjå som utvendig konstruksjon, og det vil kunne verte mindre oppsamlingar av vatn etter regnvêr. Utforminga av rekkverk vil variere i prosjektet mellom tre, stål og glas.
Platting på terreng vert levert utan rekkverk.
Standard innvendig behandling
Golv i stove/kjøkken, soverom og entrè vert levert med laminat. Det vert levert keramiske flisar på golv på bad og WC. I vaskerom/bod vert det lagt golvbelegg.
Veggar
På veggar i stove/kjøkken, soverom og entrè vert det levert gipsplater som blir måla i lys farge. På bad vert det levert keramiske flisar i lys farge, og på vaskerom/bod vert det levert måla veggplater.
Himlingar
Himlingar i leilegheitene vert levert som slette gipsflater, kvitmåla. I leilegheiter som ligg i øverste etasje vil himlinga i fremre del av leilegheitene stige opp framover i same vinkel som utvendig tak.
Kjøkken
Kjøkkeninnreiing vert levert med kvit glatt front og benkeplater i laminat som standard. Innreiinga vert levert med bøylar i blank eller børsta utføring. Det vert levert oppvaskbenk med nedfelt stålbeslag og avsett plass og opplegg for oppvaskmaskin, kjøleskåp og komfyr.
Det vil bli utarbeidd kjøkkenteikning for det enkelte kjøkken. Det vert arrangert møter med kjøkkenleverandøren, der kjøpar av leilegheitene, kan diskutere og avtale endringar i kjøkkenleveransen innafor kjøkkenleverandøren sitt rikhaldige sortiment. Det vert ikkje høve til å flytte på elektriske installasjonar eller avløp og vasstilførsel. Kvitevarer vert ikkje levert.
Garderobe
Kvite skåp med frontar i kvit glatt utføring. Det vert levert 1 meter skåp pr seng i samsvar med planteikning. Det vert ikkje levert skåp eller innreiing i gang/entré. Garderobeskåpa vert leverte med bøylar i blank eller børsta utføring.
Innvendige dører
Innvendige dører type kvit slett, med kvite karmar og dørvridar i blank eller børsta utføring.
Bad
Baderomsinnreiing består av underskåp på 120 cm breidde, med slette skuffefrontar i svart eller kvit utføring, kvit heildekkande servant, eittgreps servantbatteri, spegel og lysarmatur. Vidare vert det levert dusjveggar med eittgreps dusjbatteri og vegghengt klosett i kvit porselen.
Det er avsett plass, og levert opplegg for vaskemaskin og tørketrommel (føreset kondenstørketrommel).
Det kan bli terskel/nivåskilnad frå bad til tilliggande rom.
Vindauge/terassedører
Vindauge og terassedører vert leverte ferdig kvitmåla frå fabrikk med same farge ute og inne.
Hovudinngangsdør leilegheit
Hovudinngangsdøra er i måla utføring frå fabrikk, med FG-godkjendt tryggleikslås.
Listverk
I rom med parkett vert det levert golvlister i lakkert utføring. Alle gerikt rundt vindauge og dører vert leverte måla i same kvitfarge som vindauge og dører. Det blir festa med synlege stiftar. Taklister vert levert i same farge som taket.
Brannslokking
Parkeringskjellar og boligblokkene i bakkant har brannsprinkling. 4-mannsboligane i front har ikkje. Der er felles brannvarslinganlegg med avstillingstablå i kvar leilegheit.
Ventilasjon
Det vil bli montert balansert ventilasjon med lokalt aggregat plassert i bod i kvar leilegheit.
Elektrisk
Det er skjult elektrisk anlegg i leilegheitene. Der er LED down-light i stove/ kjøkken, og taklampar i entrè, soverom, bad og vaskerom/bod. Elektrisk installasjon er ihht til NEK 400-2014 som inneber at det er godt med stikkontakter.
Sanitær
Det vert montert opplegg for oppvaskmaskin i kjøkkenbenk, og opplegg for vaskemaskin på bad. Varmtvassberedar i kvar leilegheit vert plassert i bod.
Oppvarming
Oppvarming i leilegheitene vil bli leverte som vassbåren golvvarmeanlegg, med felles varmepumpe for kvart byggjetrinn.
TV/elmedisinsk utstyr
Det vert tilrettelagt for tilkopling til internett via fiber. Kjøpar vel sjølv om han ønskjer å nytte det. Kjøpar betalar sjølv eventuell tilknyting.
Det vert leverte 2 stk uttak for TV og det vert trekt rør for montering av antenne på balkong. Kjøpar kan velje om dei vil montere antenne eller få
signal til TV via fiber.
Det vert lagt opp to tome punkt for tilkopling til elmedisinsk utstyr.
Teikningar av tekniske anlegg
Tekniske anlegg og framføringar til desse blir ikkje innteikna på teikningar som vert omfatta av kjøpekontrakt. Endeleg plassering av desse vert bestemt av kva som er hensiktsmessig og naudsynt. Ein tek atterhald om endringar på planteikningar for framføring av sjakter for ventilasjonsanlegg og elektriske føringar.
Fellesareal/inngangsforhold
Trapper og svalgangar vert levert i betong, ubehandla grå.
Heis
Der vert heis frå parkeringskjellar til alle bustadetasjar. Denne er felles for byggjetrinn 1 og 2.
Parkering
Det vert parkeringskjellar på plan 1. Alle leilegheiter vil få 1 reservert parkeringsplass kvar. I tillegg vil der vere nokre plassar til fri disposisjon. Der blir også et mindre parkeringsareal utandørs.
Utomhusarbeid
Endeleg utomhusplan er ikkje ferdigbehandla. Seljar tek atterhald om å bestemme endeleg utforming og materialval. Fellesområda vil bli tilplanta og tilsådde. Det viI bli bygd søppelhus i byggjetrinn 2. Inn til dette er etablert må det lagast gode midlertidige ordningar.
Andre opplysningar
Sameige
Det er etablert eit sameige der alle leilegheitseigarane skal er med. Dette vert leia av eit styre som er valt av årsmøtet. Sameiget skal administrere det som er felles for leilegheitene på eigedomen og ivareta felles interesser for leilegheitene.
Leilegheitseigarane vil ha stemmerett i sameiget etter sameigebrøken. Sameigebrøken er ein funksjon av leilegheita i sitt BRA areal i høve til totalt BRA for alle leilegheitene i prosjektet.
Eigarseksjonane vil tilhøyre sameiga som også omfattar garasjeanlegget.
Seksjonsnummer og eigarbrøk vert bestemt i samband med seksjoneringa. Sameiga vil ivareta forvalting av felles grøntareal innanfor eigedommen. Desse areal vil framgå av eige kartutsnitt som syner uteareal tilknytte bustaddelen i prosjektet
Fellesutgifter
Fellesutgifter skal dekkje sameiga sine ordinære driftsutgifter. Kor store kostnadane vert, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Fellesutgiftene skal fordelast på leilegheitene etter sameigebrøken. Endeleg fastsetjing av første års driftsbudsjett og fellesutgifter vedtakast på sameiga si konstituerande generalforsamling.
Kostnadar
Dokumentavgift til staten er på 2,5 % av andel av tomteverdi. Gebyret for tinglysing av skøyte er f.t. kr 585,-, og tinglysingsgebyr for pantedokument i samband med etablering av eventuelle lån er f.t. kr. 585,- pr. pantedokument. I tillegg innbetalast á konto kr. 50,- pr. kvm BRA til sameiga for likviditet i oppstartsfasen. Det vert teke atterhald om endring av satsane for offentlege gebyr og avgifter i tida fram til heimelsovergang finn stad.
Betalingsplan
10 % av kjøpesummen innbetalast ved kontraktinngåing til meklar sin klientkonto for prosjektet. Rentene på innbetalt forskot tilfell utbyggjar. Den resterande del av kjøpesummen innbetalast seinast ei veke før overtaking av eigarseksjonen.
Garantiar
Ved forbrukerkjøp vert leilegheitene selde i samsvar med lov om bustadoppføring. Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova § 12 og § 47. Overføring av innbetalt forskot frå meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med Bustadoppføringslova § 47. For øvrig gjeld Lov om eigarseksjonar for sameiga og drifta av dette. Dersom det ikkje er forbrukarkjøp vert det skrive kontrakt etter Avhendingslova og det vert ikkje stilt garantiar.
Arealopplysningar
Areal oppgitt i prospektet er angitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, herunder innvendige boder og veggar, men ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom, som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrukke innvendige boder og veggane til desse.
Forsikring
Bygg og eigedom vil vere forsikra av utbyggjar fram til overtaking, deretter teiknast fullverdiforsikring gjennom eigarseksjonssameiga. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.
Matrikkel
Gnr 59 Bnr 333 i Stryn kommune. Seksjonsnummer for kvar leilegheit er fastsett
ved seksjoneringa.
Regulering
Tomta er regulert til bustadføremål i godkjend reguleringsplan.
Adresse
Gateadressa er Bøabakkane. Kvar leilegheit har eige gatenummer.
Prisar
Leilegheitsprisane framgår av den til ei kvar tid gjeldande prisliste. Seljar står til ei kvar tid fritt til å endre prisen på uselde leilegheiter.
Atterhald
Byggjestart er avhengig av at eit visst tal leilegheiter er førehandsselde. Vidare er byggjestart avhengig av at ramme- og igangsetjingsløyve vert gjeve frå myndigheitene i god tid før byggjestart.
Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si saksbehandlingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.
Det kan førekome avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgjevande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.
Alle opplysningar i dette prospektet er gjeve med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at utbyggjar har rett til å foreta slike endringar. Døme på slike endringar kan vere innkassing av teknisk anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande.
Utomhusplanen i prospektet er ikkje eit kart, men ei illustrasjonsskisse. Utomhusplanen er utarbeidd for å illustrere tomta si planlagde opparbeiding.
Seljar står fritt til å endre leilegheitssummen i prosjekteringsprosessen. Seljar tek også atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane.
Utbyggjar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærare grunngjeving nekte slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraksvilkår for øvrig berre forhalde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på seljar si standard kjøpekontrakt som vil bli nytta ved alle sal. Sjå eige kontraktsdokument som vert føresett gjennomgått før bod vert gjeve. Seljar tek atterhald om å foreta justeringar i kontrakten som følgje av offentlege krav m.m. Vidare har seljar høve til å avvise bod frå interessentar som måtte motsette seg å bruke eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt.
Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt namn. Dersom kjøpar ikkje ynskjer tinglysing av skøyte, må han ta atterhald om dette i mellombels kjøpsavtale/bod.
Seljar tek atterhald om retten til å foreta kredittvurdering av kjøpar. Eigedomsmeklar er underlagt Lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar.
Seljar tek atterhald om retten til å førestå fordelinga av P-plassar og boder.
Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransespesifikasjon og prospekt.